Dag 20 - Kakao med krem

I kveld skal vi bu på Hotell Ivar Aasen i Ørsta, det forpliktar. Det var ikkje meininga at vi skulle bu her, men folkehøgskulen vi skulle bu på, tok oss ikkje inn. Dei var ikkje heime, da vi banke på og ikkje svara dei på telefonen.

Medan vi venta på at overnattinga skulle ordnas, fekk vi varm kakao med krem av Kitch’n Ørsta. Siste stopp for dagen var der, og dei tykte vi trengte noko varmt i kroppen, etter ein lang sykkeltur og god prat i butikken. På hotellet har vi no fått i oss mat, og hatt ein god samtale med journalisten frå lokalavisa, Møre-Nytt. Det vart ein god slut på ein dag som byrja mange timar før.

Frå Molde tok vi ni-ferga over til Vestnes, før vi sykla dei seks mila til Moa kjøpesenter i Ålesund. Her møtte vi engasjerte medarbeidarar, både hos Mester Grønn (som ga oss blomar) og hos Kitch’n. Etter ein god lunsj, sykla vi vidare til ferga Solevågen – Festøya og den obligatoriske fergesvela, før vi tok dei siste 36 kilometerane inn til Ørsta og kakaoen.

Det er ei sann glede å få møte så mange positive menneske som vil gjere ei innsats for andre. Godt å få takke, og kanskje få være med å informere om og inspirere til innsats for Kitch’n Foundation, Others og dei mange vi samen kan hjelpe. Kjøper du eit handlenett hos Kitch’n eller sender ein SMS (hope til 2309), så varmar det og.

I morgon skal vi kvile, så da skal vi berre sykle fem mil.

Været, seier du?

Vi er ikkje så opptekne av været! Vi berre syklar!